I år starta Kinnaspelet i Førde

 

Å visualisere ord og følelsar med kroppen. Foto: Heidi Hattestein

Teater Vestland samla dei frivillige kreftene i Kinnaspelet i Nynorskhuset ein laurdag i april. På programmet stod øvingar i stemmebruk og skodespelarteknikk. I tillegg informerte regissør-duoen Anethe Alfsvåg og Cecilie Grydeland Lundsholt om årets spel, og saman med musikalsk leiar Harald Dahlstrøm hadde dei fleire økter med koret.

Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt i vennleg passiar med Knut Magne Nesse i Kinnaspelet-styret.

Årets vakrast eventyr er eit samarbeid mellom Kinnaspelet og Teater Vestland. Teateret stiller mellom anna med teknikk, regi og fem profesjonelle skodespelarar, og dette møtet med 160 amatørar på scena og endå fleire frivillige som slår ring rundt arrangementet, er eit av teaterårets absolutte høgdepunkt.

Kvar regissør er inne for tre år om gongen, og det er regissørens privilegium å vekte forteljinga slik hen ønsker.

Manuset til Rolf Losnegård har enormt mange lag, og rollefigurane går gjennom ei rivande utvikling i løpet av spelet. Det gir regissørane kunstnarleg spelerom. Musikken er komponert av Per Janke Jørgensen.

Kinnaspelet-familien.

Litt spente til å begynne med.

Det er første gongen teateret husar Kinnaspelet-avspark i Førde.

For å setje tonen innleia teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt med å snakke ein del om livet i mellomalderen fram mot reformasjonen, det vil seie brotet med den romersk-katolske kyrka i 1536-1537, som er omdreiingspunktet i Kinnaspelet.

Det var ei brutal tid. Den katolske kyrkja eigde nesten halvparten av all jorda i landet og kravde tiende, ein skatt som utgjorde ein tiandedel av gardens avling. Folk levde i stor fattigdom, og den gjennomsnittlege levealderen var berre 30 år.

— Det gjorde sterkt inntrykk å bli minna på kor hardt livet faktisk var. Det gjer at vi lever oss inn i forteljinga på ein heilt annan måte, seier to av dei som var på samlinga, Anne K. Endestad og Ellen Frøyen.

Ete innimellom. Påsmurt frå Røyst mat & vin.

Grethe Stavø i Kinnaspelet-styret i prat med regissørane Anethe Alfsvåg og Cecilie Grydeland Lundsholt.

Knut Magne Nesse har mange år bak seg i styret.

— Eg har inntrykk av at dei fleste synest det er inspirerande å vere her. Det set i gang tankar og forventningar fram mot årets spel, og eg trur vi skal få det både morosamt og spennande. I tillegg er det kjekt å få sjå det nye teaterhuset frå innsida, seier han.

Delar av tida gjekk med på å setje ord på kva Kinnaspelet betyr og kvifor så mange vil vere med, år etter år.

Folk sat overalt for å skrive ned tankane sine på post-it-lappar.

Regissørane var spente på kva som stod på lappane.

Til slutt blei ordskya sortert på veggen.

 
Heidi Hattestein